Aktivitetar langs Sognefjorden: Natur, eventyr hand i hand

Sognefjordren ligg i hjartet av Fjord Noreg, og lokkar med eit fengslande landskap og eit mylder av aktivitetar som passar for alle eventyrarar små som store.

Destinasjonen er melllom anna også kjend som "Saunafjorden" på grunn av alle dei badstovene, mellom anna på flåtar som forsiktig flyt på fjorden, og er eit paradis for både naturentusiastar, spenningssøkjarar og familiar.

Aktiv langs Sognefjorden

Guida brevandringar på Fastlands Europas største isbre.

For dei som er ivrige til å utforske dei iskalde underverka er ein guida tur Jostedalsbreen eit must. Med erfarne guidar får du eit minne for livet.

Sognefjorden –  Fjord Noregs lengste og mest innhaldsrike fjord med:

Flåmsbana, Jostedalsbreen, Jotunheimen, Rallarvegen, UNESCO Urnes Stavkyrkje, lokalmat, Aurlandsdalen, UNESCO fjordcruise, kajakkpadling, bresenter, RIB-turar, villakssenter, vandreløyper, fjordnære opplevingar og overnatting med fjordutsikt. Hjortefarm, badeanlegg, fjordpadling, familieturar på breen, museum, senter, leikeland og mykje meir for dei minste. 

Breturar på Jostedalsbreen

Fjordcruise

Aktivitetar på fjorden, i elvar eller brevatn

Bli med på eit spennande RIB-båteventyr og kjenn vinddraget når du susar over vassflata på fjorden. Vil du ha ei meir roleg oppleving, kan du padla kajakk på fjorden eller brevatn. Rafting i breelv er ei adrenalinpumpande oppleving som gjer besøket ekstra spennande.

Fjordfiske

Fjordfiske på Sognefjorden byr på eit vell av fiskemoglegheiter for dei som ønskjer å vera i kontakt med naturen. Lokale guidar sørgjer for ein minneverdig fiskeekspedisjon som passar for alle aldrar.

Fjord aktivitetar

Guida fisketur med Balestrand Fjord Angling
Photo: Håvard Nesbø/Visit Sognefjord

Fiske

På jakt etter ditt livs fangst medan du fiskar i Sognefjorden.

FjordSafari Norway AS
Photo: FjordSafari Norway AS

RIB

Gli over den krystallklare fjorden i ein RIB-båt

På sykkel langs fjorden

Alternativt kan du oppdaga skjønnheita til fjorden i ditt eige tempo ved å sykla vegane langs fjorden. Familieturar i skog og dalar. Let deg finne roa i  det frodige landskapet. Regionen kan skilta med ei rekkje stiar gjennom flotte skogar og ruvande fjell som passar for ulike ferdigheitsnivå. Desse turane byr på ei perfekt blanding av eventyr og avslapping midt i naturen.

Sognefjorden er kjend som ein av dei beste naturbaserte destinasjonane i verda og fengslar besøkjande med dei imponerande fjordane sine, panoramautsikt og naturlege underverk. Anten du er ute etter eit adrenalinkick eller ein fredeleg tilfluktsstad, lovar Sognefjorden ei uforgløymeleg oppleving

Aktiv i Sognefjorden

Sykkeltur til Anestølen, Sogndal
Photo: Lokel Bikes/Vegard Aasen/VERI Media

Sykkel

Nokre av dei finaste sykkelrutene i Norge

Paddling & Rafting

SUP i Skjolden
Photo: Adventure Tours Norway

SUP

Oppdag Sognefjorden frå eit Stand Up Paddleboard

IceTroll Rafting Jostedøla
Photo: Håvard Nesbø/Visit Sognefjord

Elverafting i Breelva og kajakk på Sognefjorden eller på Nigardsbrevatnet

Sauna & Velvære

Luster Fjordspa
Photo: Håvard Nesbø

Ingenting slår vel kombinasjonen av ei varm badstove og eit forfriskande bad

Bading på Kvamsøy, Balestrand
Photo: Håvard Nesbø

Flykt frå kvardagens kjas og mas og ta eit bad i den mektige Sognefjorden

Familievennlege aktivitetar

Sognefjorden er ikkje berre for spenningssøkjarar, det er også eit paradis for familiar. Her kan du besøkja gardar, utforska museum og utstillingssenter og reise tilbake i tid i vikinglandsbyen Njardarheimr.

Regionen kombinerer eventyr og familievennlege opplevingar på ein saumlaus måte og skaper minne for livet.

Barn & Familie

Steim Gard Vik
Photo: Håvard Nesbø/Visit Sognefjord

Gardsbesøk, guida breturar og badeland er nokre av aktivitetane for barna

Shopping

Føl oss på Instagram