Vår i Sogn
Om våren vaknar Sognefjorden frå vinterdvalen.
Sognefjorden står i full blomst
Snødekte fjelltoppar, grøne lier. Det er kontrastane si tid.
Frodige blomstrande frukthagar der epletrea står som perler på snor.
Fossar som veks seg større for kvar dag som går, dei beitar på snøen som smeltar i høgfjellet.
Mai og juni er den beste tida for å sjå dei mektige fossane.
Dei fleste av sesongverksemdene i Sogn opnar også i mai månad, men mange også ein månad før eller endå tidlegare.
Visste du at Sogn er eit av dei eldste fruktdistrikta i Noreg?
På våren kan du oppleve 4 årstider på ein dag, full vinter i høgfjellet, so vert det varmare og grønare jo nærmare fjorden du kjem.
Tips til aktivitetar på våren i Sogn:
RIB-turar, kajakkpadling og Fjord Cruise.
Vandre på vegar mellom blømande frukthagar.
Toppturar og skiturar i fjellet, for mange den beste tida på ski med lange lyse dagar og knall forhold.
Det vert ikkje meir nasjonalromantisk enn fjordlandskapet ein vakker vårdag.
Her kan du bu om våren
Hotell, camping, hytter, unike overnattingsplassar har ope også om våren. Finn din overnatting ved Sognefjorden.