Guida breturar på Nigardsbreen

 

Oppdag ei magisk frosen eventyrverd. 

Ei reise i is med profesjonelle guidar.

Sogn og Sognefjorden, der Europas største fastlandsbre, Jostedalsbreen ligg. Ventar eit fascinerande eventyr som overskrid både geografiske grenser, tidsdimensjonar og dine fantasiar.

Bli med på ei oppleving heilt utanom det vanlege opp på brearmane Nigardsbreen, *Austdalsbreen, *Tunsbergdalsbreen eller Flatbreen.

 

Jostedalsbreen

Iskolossen Jostedalsbreen er eit av verdas mange vidunder, isbreen som strekkjer seg mest tvers gjennom gamle Sogn og Fjordane fylke, er eit monumentalt ikon ikkje berre i Noreg,m,en i heile Europa. Når du gjev deg ut på brevandring på ein av alle brearmane til dene kjempa, kan du med eigne auge sjå den enorme storleiken på denne iskalde og ruvande giganten, og ned i fryktinngytande men allikavel vakre bresprekkar. Å gå på Jostedalsbreen er som å tre inn i ei  verd der naturkrefter har forma eit unikt meisterverk gjennom tusenvis av år, men stadig endrar seg frå dag til dag. Det er surrealistisk for ein som ikkje ikkje har opplevd dette før. 

Nigardsbreen, Austerdalsbreen, Tunsbergdalsbreen og Flatbreen er alle brearmar frå den store Jostedalsbreen, alle med sin eigen unike karakter. Og alle relativt lett tilgjengeleg.

Nigardsbreen, med den ikoniske blå isen sin, byr på eit fagert syn  og er den mest besøkte brearmen i Noreg. Nigardsbreen går også for å være den best tilgjengelege av dei alle. 

Austerdalsbreen byr på ei bortgøymt verd, som utfordrar eventyrarar i deg med den den fagre anmarsjen inn dalen som ein bonus, medan Flatbreen syner dimensjonar og kontrastar til fjorden.  Frå vidstrekte isfelt til intrikate formasjonar på Austdalsbreen og Tunsbergdalsbreen som berre er tilgjengeleg med båt, gir det heile ei framifrå oppleving. 

Isens tilbaketrekning

For 10 000 år sida var Nord-Europa dekka av is. Jostedalsbreeen er ikkje ein rest frå siste istid, men smelta heilt bort i den varme klimaperioden frå 6000-7000 år før nåtid. Den eldste isen i Jostedalsbreen er neppe meir enn 1000-2000 år gammal. 

 

Sertifiserte guidar

Ei reise inn i breen sitt rike er i hendene på sertifiserte breførarar, som ikkje berre sørgjer for tryggleiken din, men også avslører løyndommar frå isen. Desse breførarane er ikkje berre navigatørar, men også gode historieforteljarar, som fortel om den geologiske historia i dette frosne landskapet, men også dagsaktuelle miljømessige utfordringar gjennom klimaendringar. Få om nokon stad er klimaendringane meir synlege enn i fronten på ein isbre som smeltar frå år til år. 

 

Eit glimt inn i fortida

Smeltande isbrear og klimaendringar pågår samtidig som me beundrar dei frosne underverka. Me må erkjenna at planeten vår er i endring. Isbrear over heile verda smeltar i eit alarmerande tempo og mistar meir enn 1,2 billionar tonn kvart år. Også Jostedalsbreen bukkar under for dei globale endingane,  men det går over lengre tid enn mange andre stader i verda. Ved å bli med på brevandringar  er det ikkje berre fager natur som får fokus, ei nærmare forståing over framtida får ein også, når ein går rundt på fortidas is. Det er eit skremmande men vakkert kappløp mot tida.

Jostedalsbreen er forventa å mista store delar dei neste 100 åra. Når me ser fram mot år 2200, er prognosane endå meir nedslåande.

Det meste av den norske isen vil forsvinna. Deltakinga di i denne eineståande opplevinga blir ikkje berre eit spennande eventyr, men også eit gripande møte med jorda vår.

Lat dette vera sjansen din til å trakka på eldgammal is, vera eit sannheitsvitne, og bidra til den kollektive forståinga. 

 

 Isbreane ropar, og tida for å svara er no.

Føl oss på Instagram