Fiske i Sognefjorden

På dei store djup og på dei grøne grunner

Fiske på fjorden

Føl på spenninga, opplev natur, tradisjon og kultur på nært hald.

Opplev spenninga som ligg i kva som kan vente nede i djupet. Har du fiskelukka med deg?

Bli med på fisketur på Sognefjorden.

Ein fisketur på Sognefjorden er ein fristad frå alt kjas og mas, dette er ikkje noko du driv med til vanlge. Men det gjer derimot erfarne lokale  båtførarar og fiskeentusiastar. Anten du er ein erfaren proff, ein fritidsfiskar eller  ein nybyrjar, er ei fiskeoppleving på Sognefjorden ei unik oppleving. Det er mest som ute i vest i djuphavet men her får du med majestetiske fjell og fjordutstikt i tillegg. Kjenn på spaning og  forventning når snøret dykkar ned i djupet.

Er det i dag du har fiskelukka med deg?  

Bli med saman med DripFiske som har spesialisert seg på djupvassfiske, dei tilbyr eit eventyr utan der du kan få bli med ut på leikeplassen, ut på fjorden.

Bli med kaptein Tor frå Balestrand Fjord Angling på ein personleg tilpassa fisketur. Guida fisketur leia av ein erfaren kaptein, som ikkje berre kan sikre ein vellykka fangst, men leverer også ei reise fylt med historie, om løyndommane til fjorden og folket som bur her.

 

Bli med Kvam Guiding på ørretfiske i sagnomsuste Hafslovatnet eller Veitastrondsvatnet. Lær deg kunsten med flugefiske, eller stangfiske frå land eller berre pilk frå båtripa. Ein kan få stor fisk i vatna kring Hafslo. 

 

Du kan sjølv leige både båt og ustyr fleire andre stader kring Sognefjorden, om du har erfaring frå før med fiske og båtliv. Både hjå Gamle Trevaren i Vik, Marifjøra sjøbuer, Luster Fjordhytter, Amble Gård er stader som leiger ut fiskeutstyr. 

Fiskekort

NB, i dei aller fleste ferskvatn og elvar må du ha fiskekort. Nedanfor kan du sjå nokre av stadene som sel, ellers er det også lurt å forhøyre seg på staden du er eller skal til.  

Føl oss på Instagram