Velkomne til Telenorlekene 2025 i Sogndal

Sogndal, ein kjent perle blant Noregs framste laussnø destinasjonar, tek no eit fint steg inn i alpinsportens Norske rampelys som arrangør av NM for 13- og 14 åringar, Telenorlekene 2025.

Under finner du informasjon om overnatting, festmiddag for dei som ikkje bur på Quality Hotel Sogndal og nyttig informasjon om arrangementet og løyper. 

Dato: 27. - 30. mars

Telenorlekene 2025

Våre samarbeidspartnere

 

                                                                      Norges Skiforbund Logo           Sognefjord Logo fjordgrønnTelenor Lekene logo

 

 

Våre sponsorer

 

                                                                                           Luster Sparebank

Opplev Sogndal

Til og frå Sogndal

Fjordbygda Sogndal ligg midt i Sognefjorden med korte avstandar til andre fjordbygder ved Sognefjorden. Frå Sogndal utover mot Leikanger (25 min køyring) til ferjekaien Hella, 40 minutt med bil. Frå Hella går ferja over til Vangsnes eller Dragsvik som fører deg til Balestrand og Høyanger.

Nord for Sogndal ligg Luster kommune der bygdene ligger som ei perle på ei snor. Til Solvorn tek det ca. 10-15 min køyring, til Hafslo tek det ca. 15 min køyring og til Skjolden eller Jostedalen med Nigardsbreen som trekkplaster tek det ca. 1 time køyring.

Til og frå Sogndal Skisenter

Skibuss Sogndal - Rindabotn (Sogndal Skisenter) Informasjon om rutetider kjem når arrangementet nærma seg. Laussnøekspressen også kjent som laussnøbussen går i helgane og i ferievekene om været er bra og det er komme rikeleg mengde med snø. Følg med på Sogndal Skisenter sin Facebook eller Instagram for forløpande oppdateringar. Enkeltbillett kostar 100,- og dagskort kostar 150,-. 

 

Parkering:

Frå Sogndal sentrum føl du riksveg 5 mot Sogndalsdalen i ca. 15 minutt til du kjem til eit stort skilt merka med Sogndal Skisenter Hodlekve. Ved ankomst Sogndal Skisenter vil det stå vakter der og vise deg veg til parkering. Sogndal Skisenter bruker Easy Park til betaling av parkering. 

Føl oss på Instagram