Utsal av Lokal mat ved Sognefjorden

På ei reise langs Sognefjorden kan du stoppe ved dei ulike landhandlarar og utsal. Her kan du handle lokalt og gjere noko gode kjøp. Her finn du blant anna nyplukka jordbær eller bringebær og nypressa juice og saft. 

Ciderhuset kan du bli med på Cidersmaking der vertane formidlar om korleis dei dyrkar frukta i den økologiske hagen og korleis dei gjer frukt og bær om til jucie, cider, fruktvin og dram. Du kan og bli med på å lage mat med kjøkensjef Tuba som vil lære deg korleis du kan kombinere lokale produkt med middelhavsmat og kva for cider som passer til. Ein liten spasertur frå Kaien og Kviknes Hotel kjem du til Ciderhuset.

Sognasmak er eit informasjons- og opplevingssenter for lokal mat og drikke, med eige utsal på Håbakken i Lærdal. 

Sognasmak, Lærdal

Tine Meierier og Ostebar er ein kafe i Vik sentrum som har utsal av ulike meierivarer frå Tine, og som sørger for at alle som kjem innom får smaka på Gamalost og får høyra om dei unike eigenskapane til Gamalosten.

Amble Gard - Ved gardsutsalget kan ein smake dei ulike eplemostane vi produserar, kjøpe eit glass, fylle ei flaske eller kjøpa ein kartong med premiert eplemost. Vi har også egg frå eigne høner, honning frå eplehagen og lokalprodusert syltetøy og geleer.

Lustrabui bakeri finn du langs Lustrafjorden. Brøda blir bakt i vedfyrt steinovn som gir brøda ein rik smak og aroma. Eller kva med ein Lustrabolle, kanelsnurr, fruktkake eller eplemuffins?

Eplet Bed & Apple er eit kombinert hostel og mosteri i Solvorn og tappar ca 12 000 liter juice i året. Juicen består av 100 % av frukt og bær fra Luster og Sogndal. Dei ulike sortane består av epler, bringebær, solbær og blåbær. 

Eplet Bed & Apple, Solvorn

Smak av Sogn Landhandel er lokalisert midt i gamle Lærdalsøyri i ein bygning frå 1849 og tilbyr lokal mat og drikke. Landhandelen har bla. krydder, kaffi, syltetøy, lemonade, øl, økologisk is, sjokolade, frukt og bær i sesong.

Geitostane frå Undredal er laga av fersk, rå mjølk frå eigne geiter. Sidan det blir laga både brunost og kvitost går ingen del av mjølka tapt. Mjølk inn - ost ut.

Geitost frå Undredal

Føl oss på Instagram