Med sykkel rundt Sognefjorden
Å sykla rundt Sognefjorden kan vere eit fengslande eventyr i fantastisk natur.
Mange verksemder og hotell tilbyr sykkelutleige, slik at du kan utforska området i ditt eige tempo.
Den skarpe, friske lufta og det fantastiske landskapet skapar ei ideell råme for ei uforgløymeleg sykkeloppleving. Området kring Sognefjorden er ikkje som til dømes flate områder på austlandet eller i Danmark. Så sykkelturane er ofte delt inn i dagsetappar utan å ha ein samanhengande sløyfe.
Frå solide terrengsyklar til høgfjellsvegar og stiar, til elektriske syklar for ein enklare tur. Fleire aktørar og hotell har utleige av syklar.
Når du trakkar langs fjordkanten, i djupe dalar, over fjell, vil du oppleva brusande fossefall, snødekte toppar og små grender og fjordbygder.
Planlegg sykkelturen
Planlegg ruta di, slik at du ikkje går glipp av landemerke. Tryggleik er viktigast, så sørg for å lesa gjennom tryggingsretningsliner og ha naudsynt utstyr, inkludert hjelm og refleksvest. Hugs å sjå etter om du må igjennom tunnelar framfor den planlagde turen! Nokre av tunnelane tillèt ikkje sykling, nokre fåe har ingen lys, så du må ta med eiga lykt. Vurder gjerne å bli med guida turar som blir tilbodne av nokre utleigebyrå, og gir innsikt i lokal kultur og historie.
Vis omsyn til grunneigarar, eigedomar og dyr som er på beite. Sjekk om du har lov å bruke elsyklar i naturreservat. I nasjonalparkar er elsyklar definert som motorisert ferdsel så planlegg i framkant kvar du kan sykle.