Opplev Flåmsbana
Flåmsbana - Verdas vakraste togreise, annarkjend av National Geographic Traveler som ein av dei ti beste togreisene i Verda.
Verdskjend jernbane
Flåmsbanen, ofte prisa som verdas vakraste jernbane, vev seg gjennom eit unikt landskap, mest kjend for sine vendetunnelar som går i spiralar inn og ut av fjellet.
Bana er eit sidespor frå Bergensbana som går mellom Oslo og Bergen, og tek deg med på ei reise ned den fagre Flåmsdalen frå Myrdal til Flåm ved Sognefjorden.
Flåmsbana er kring 2 mil lang, og har ein høgdeforskjel på over 860 høgdemeter. Det gjer til at det er ei av verdas brattaste jernbaner. Toget går gjennom 20 tunnelar.
Utanlandske turistar fortel om ei utsikt som er ikkje mindre enn poetisk. Det smale dalføret, dei majestetiske fossane, dei dansande elvane, skogen, snødekte fjelltoppar.
Flåmsbana stoppar ved Kjosfossen, og gjev eit kraftig inntrykk då ein kjem veldig nært fossen. På sommaren dansar huldrene like ved.
For nokre er også vinteren ei spektakulær tid å reise. Massive kvite fjellsider, frosne fossar, ei surrealistisk oppleving seiast det.
Flåmsbana korresponderar med tog til Oslo og Bergen frå Myrdal stasjon. Noko som gjer det til eit populært reisealternativ med til dømes Norway in a Nutshell rundreisa. Flåmsbana går heile året.
Gå eller sykle Flåmsdalen
Kombiner den vakre Flåmsbana der du tek toget til Myrdal og går eller syklar ned igjen Rallarvegen og den vakre Flåmsdalen. Sykkel kan du leige i Flåm eller på Myrdal Stasjon ved Cafe Rallaren.
Opplev området rundt Flåmsbana
Flåm Sykkelutleige
Flåm er ideelt utgangspunkt for ein sykkeltur i vakre omgivelser. Leig sykkel for ein dag, og…
Gå eller sykle Flåmsdalen
Utforsk Flåmsdalen til fots eller fra sykkelsetet! Kombiner den vakre togreisen, Flåmsbana, med en…
Cafe Rallaren sykkelutleige, Flåm
Sykkelutleige hjå Cafe Rallaren - Opplev Rallarvegen frå Myrdal til Flåm
Flåm Zipline
Er du klar for å teste ut Nordens lengste Zipline? Ta Flåmsbana frå Flåm til Myrdal og gå ned til…
Kjosfossen, Flåmsdalen
Kjosfossen er ein stor turistattraksjon og eit ynda fotomotiv grunna plasseringa han har ved…
Spørsmål om Flåmsbana
- Kor mange km er Flåmsbana? Flåmsbana er 20 km lang
- Kor lang tid tek det frå Flåm til Myrdal? Det tek 1 time frå Flåm til Myrdal med Flåmsbana
- Har Flåmsbana avgang kvar dag? Ja, Flåmsbana er ope kvar dag heile året. Sjekk rutetider her
- Kan sykkel medbringes? Ja, sykkel kan bli med på Flåmsbana. Bestill din billett her.
- Kva med å gå eller sykle frå Myrdal til Flåm? Bestill tur frå Flåm til Myrdal her og gå eller sykle ned igjen.
- Er det sykkelutleige i Flåm? Du kan leige sykkel i Flåm frå mai til oktober, eller du kan leige sykkel hjå Cafe Rallaren ved Myrdal Jernbanestasjon.