Kyrkjer i Sogn
Kyrkjene kring Sognefjorden står so varige monument frå fortida og fortel oss mykje om historie, rikdom og tru.
Stavkyrkjer er de mest kjende kyrkjene. Men det finst kyrkjer i mest kvar ei fjordbygd, dei fleste reist utover 1800-talet. Nokre litt eldre og nokre yngre. Dei fleste er bygd i tre.
Steinkyrkjer
Men det er nokre unntak. I tida rett etter stavkyrkjene blei sett opp på 1100 talet, dukke det også opp fleire steinkyrkjer i Sogn. Typisk for 1200 talet. Desse steinkyrkjene vart sett opp strategisk der det var mest rikdom.
Både i Vik, Aurland, Leikanger og Luster finn ein kyrkjer bygd i stein. Andre bygg i landet sett opp i same periode er til dømes; Håkonshallen, Mariakirken og Peterskirken i Bergen.
Hove Steinkyrkje i Vik, Dale kyrkje i Luster, «Sognedomen» Aurland kyrkje i Aurland og Leikanger kyrkje på Leikanger.
Fleire av kyrkjene er i bruk fleire gonger i året. Fleire er også opne for besøkande i sommarmånadane.