Vakre stavkirker i Sogn

 

Stavkyrkjene i Sogn

Kring Sognefjorden finn du heile fem av Noregs stavkyrkjer. 

Desse verdskjende arkitektoniske trebygningane er Noregs viktigaste bidrag til den europeiske byggjekunsten. 

Eit besøk til stavkyrkjene er som ei reise i tid. Dei står der som synlege fundament på historia til Noreg og byrjinga av kristendomen sitt inntog i landet etter vikingtida.

 

Borgund Stavkyrkje: Reist kring  1180

Undredal Stavkyrkje: Den minste. Reist i det 12. århundre

Hopperstad Stavkyrkje i Vik: Opprinneleg bygd  i det 12. århundre

Kaupanger Stavkyrkje: Datert tilbake til det 12. århundre

Urnes Stavkyrkje UNESCO-lista kyrkje med røter tilbake 12. århundre

 

Stavkyrkjer vart bygd i tre og hadde si utbreiing over dei nordlege delane av det europeiske kontinent, inkludert Skandinavia.

Men det er altso nesten berre i karrige Noreg at desse særmerkte bygningane har overlevd heilt frå mellomalderen og fram til vår eiga tid. Stavkyrkjene er dermed ein særskilt verdfull del av bygningsarven vår, og er dermed vorte vårt viktigaste bidrag til verdsarkitekturen. Alt i 1979 vart Urnes stavkyrkje skrive inn på UNESCO si verdsarvliste, som den einaste stavkyrkja. Den får dermed representere både seg sjølv, men òg alle dei andre attverande mellomalderstavkyrkjene. Dei er eksempel på det fremste handverket vi har i landet når det gjeld konstruksjon, materialvalg, dekor og inventar.

Men til og med i dette landet har reduksjonen i talet på stavkyrkjer vore dramatisk. Totalt sto det omlag 1.000 stavkyrkjer i Noreg før Svartedauden råka landet i år 1350. Det kan ha vore reist over 2.000 — om ikke fleire — før reformasjonen i 1537.

 

Fortidsminneforeningen

Åtte av Europas 29 gjenværande stavkyrkjer er eigd av Fortidsminneforeningen. Organisasjonen vart etablert i 1844 og driven av kjende personar innan norsk kulturliv i eit land der folk flest enno ikkje hadde fått auga opp for verdiane forfedrane våre hadde skapt. Stavkyrkjer forfall og vart rivne i framstegets ånd, medan gjenstandar frå mellomalderen gjekk tapt. Foreininga har vore avgjerande for å verne desse unike religiøse monumenta og arbeider for å utvikle dei berekraftig i samanheng med omgivnadene for kulturell turisme.

Fortidsminneforeningen spelar ei sentral rolle i det nasjonale kulturminnevernet og arbeider også med å formidle kunnskap om tradisjonelle handverksferdigheiter og teknikkar til framtidige generasjonar. Målet er å skape medvit om verdien av bygningsarven, i tillegg til å engasjere seg i lokale bevaringsspørsmål og påverke kulturarvspolitikken i Noreg.
Som den leiande frivillige kulturarvorganisasjonen i Noreg, støttar Fortidsminneforeningen seg på eit omfattande og engasjert nettverk av frivillige.

Fortidsminneforeningen - Logo

 

Føl oss på Instagram