Velkomne til Årdal
Årdal - der Sognefjorden går på land og møter den massive Jotunheimen.
Årdal er alt i eit, fjord, fjell, verdskjende fossefall og dei fagraste dalfører du tenkjast kan.
Vettisfossen, Utladalen, Hurrungane, "Tusenmeteren", fjordpadling, stisykling, fjellturar, gruver, Noregs krafthistorie.
Årdal er så mykje, mest so ei eiga verd ulikt alt det andre.
Tettstadane Øvre Årdal og Årdalstangen, ligg inneklemt mellom mektige fjell, er i seg sjølv eit imponerande skue.
Berre eit steinkast unna i alle retningar, ligg den heftigaste norsk natur har å by på. Umiddelbar nærhet til Jotunheimen nasjonalpark og alt i mellom er Årdal ei skjult perle for naturelskarar. I Årdal plukker du fra øvste hylle uansett alltid.
Opplevingar ein berre må ha med seg:
Utladalen:
Opplev den vakre Utladalen. Eit stykke imponerande stykke Norsk natur. Det trange dalføret gjer sitt til å dela sjølvaste Jotunheimen i to. Denne fagre dalen er omtrentleg like vakker heile året. Alle årstider med sin unike sjarm. Men høgsesongen er nok frå juni og ut september månad. Kulturlandskap, najonalpark og reservat. Utladalen er fossane sin dal. Er dette Noregs Grand Canyon? Utladalen har god veg til både sykkel og føter. Ein passerar gamle gardsbruk og heit framme på Vetti vert vegen delt opp i to stiar, begge leiar til Vettisfossen, eine opp til det nye utsiktspunktet, den andre nede der Vettisfossen vert det mest massive skuet du nokon gong har opplevd.
Årdal er inngangen til Jotunheimen. Det er ein perfekt base for dagsturar i alle retningar. Godt tilrettelagte stiar, lett tilkomst med "mjuk" start frå høgfjellsvegane og innover fjellheimen.
Klingenberg Hotel:
Klingenberg Hotel, nydeleg plassert ved Årdalsfjorden, basen for Målrock og den gode sikringskosten for turglade.
Bulder & Brak Adventure Tours:
Bli med dei beste- og lommekjende guidane til Bulder & Brak, anten du vil padle i brevatn, på Sognefjorden, sykle i høgfjellet eller på ein guida tur i det flottaste kulturlandskapet. Bli med på tur til dei høgste toppane, den djupaste dalen og sjå dei villaste fossefalla
Tindevegen:
Tindevegen - Den spektakulære anleggsvegen, har blitt ein del av nettverket av vegar i Jotunheimen. Perfekt å koble saman med ei rundreise, eller som ein dagstur til Sognefjellet eller Luster når du er på vitjing.
Bøttejuvet eller Byttejuvet:
Gløym alt anna. Det vert ikkje meir spektakulært en utsikta 1300 meter beint ned i Årdalsvatnet og dei ville fjella rundt frå Bøttejuvet. Det ikoniske fjellet er blitt eit landemerke og eit aldri so lite "Instagramfenomen".
Tusenmeteren den unike fjellvegen:
Frå Øvre Årdal er høgdeforskjellen over 1000 meter opp til fjellet Heirsnosi. Vegen slynga seg i 42 svingar opp den stupbratte fjellsida. Ei fantastisk turoppleving anten på sykkel eller til fots, med Ikonisk utsikt mot Hurrungane og Jotunheimen.
Avdalen Høgdegard:
Opplev denne unike og særs godt velholdte høgdegarden i Avdalen, berre turen opp er ei reise i seg sjølv.
Austanbotntind and Hurrungane:
Berre ein kort køyretur opp Tindevegen frå Øvre Årdal så kjem du til det vestlegaste området i Jotunheimen. Eit glimrande utgangspunkt for høgfjellsturar i Jotunheimen og Hurrungane. Austanbotntind er kanskje det flottaste fjellet av dei alle to-tusenmetringane me har her i landet. Men vil du heilt til topps må du bruke guide med kompetanse. Soleibotntind og Vestre Austanbotntind når ein fint om ein er turvant.
Årdal er fortsatt ei uoppdaga perle for naturglade, og har ofte havna ufortent i skuggen blant alle andre store fjell- og turdestinasjonar i Noreg. Men er du på jakt etter nye opplevingar, gjerne nokon heilt på øvste hylle her i landet, så er Årdal eit sikkert tips. Årdal ditt neste eventyr.
VELKOMEN TIL ÅRDAL OG KONTRASTANE SITT RIKE.
Opplev Årdal
Overnatting, Mat & Drikke
Overnatting i nydelege Utladalen
Aktivitet & Attraksjonar
Dette må du oppleve i Årdal
Fjelltur i Årdal
Fjellturar i mektig natur i den frodige Utladalen
Til og frå Årdal
Å reise til Årdal er enkelt. Du kan fint nå denne perla frå Oslo eller Bergen med bil. Frå Oslo, køyr Nasjonal turistveg Sognefjellet og ved ankomst Turtagrø tek du av på Tindevegen som vil føre deg til Årdal, eller du køyre over Filefjell til Tyinkrysset. Viss du kjem frå Bergen, vil ein køyretur langs fantastiske fjordar gjennom Flåm, Aurland, Lærdal og ta av til Årdal før du kjem til ferjekaien Fodnes.
Ekspressbåt til og frå Bergen
Ekspressbåten frå Bergen med Norled frå oktober til april går direkte til Sogndal og frå april til oktober går båten til Leikanger med korresponderande buss til Sogndal, båten går vidare til Flåm. Sjekk rutetider her.
Det går også busstransport over Tyin til Filefjell. Og det går korresponderende buss fra Lærdal enten i retning Oslo, Bergen eller nordover mot Sunnfjord og videre til Sunnmøre.For bussruter sjekk her
Næraste flyplass
Næraste flyplass er i Sogndal ein times kjøring frå Årdal.
Bli inspirert i Årdal
Historier frå Årdal