Besøke Gudvangen

UNESCO Nærøyfjorden

Gudvangen, er der den verdskjente Nærøyfjorden går på land og møter Nærøydalen.

Med dei høge stupbratte og majestetiske fjella som kneiser rundt den trange dalen er det ikkje rart Vikingane blei gudfryktige når dei kom inn fjorden. Der av navnet Gud og vangen (slette)

Gudvangen har vore ein handelsstad sidan lenge før vikingtida, det var her folket innlandet møtte fjordfolket. Og vikingene, ja dei finn du der den dag i dag.

Med eit besøk i Gudvangen så anbefalast ein tur på fjorden med kajakk der du er omkransa av høge fjell og mektige fossefall. Eller ein guida RIB tur med FjordSafari eller fjordcruise til Flåm eller Kaupanger. Planlegger du ein bilfri ferie kan du enkelt bestille deg ein tur med Norway in a Nutshell eller Sognefjord in a Nutshell der du kan legge til aktivitetar og eller overnatting.

Når du er i Gudvangen må du innom Vikinglandsbyen Njardarheimr der ekte vikingar tek deg med tilbake i tid med historier og forskjellige aktivitetar som øksekasting og bogeskyting.

Opplev Gudvangen

Til og frå Gudvangen

Gudvangen er lett tilgjengeleg med båt, buss eller bil. Enten du reiser frå Bergen eller Oslo, ligg bygda beleilig plassert langs vegen mellom disse to byene, noko som gjer det til eit ideelt stopp på din reise. 

Fjordcruise på UNESCO Nærøyfjord

Gudvangen - Flåm

Norway's best

Lustrabaatane

Fjordcruise frå Gudvangen til Kaupanger

Gudvangen - Kaupanger

Ekspressbåt til og frå Bergen

Norled køyrer ekspressbåt til og frå Bergen kvar dag, og frå april til oktober køyrer den til Flåm. Sjå rutetider her.

Næraste flyplass

Flyplassen i regionen, Sogndal Lufthamn Haukåsen er lokalisert på Kaupanger med ca. 2 timar køyring frå Gudvangen. Sjekk flyavgangar her.

Bli inspirert i Gudvangen

Føl oss på Instagram