Overnatting, mat & drikke
Rusle rundt i sentrum av Høyanger med ein kopp kaffi i handa
Your browser is not supported for this experience.
We recommend using Chrome, Firefox, Edge, or Safari.
Omgitt av majestetiske fjell så tett på bebyggelsen ein omtrent kan komma, er Høyanger ein bauta og ein veldig viktig del av Norsk industrihistorie, eit levande eksempel på det norske industrielle eventyret. Noko som pregar bygda den dag i dag.
Naturen er nok den fremste grunnen til at mange velger å besøke denne delen av Sogn og Sognefjorden. Høyanger kommune er geografisk delt i to, av den mektige Sognefjorden. Ei nord- og ei sørside.
Fjella i Høyanger er ufortjent mindre kjent enn fjella lengre inne i Sognefjorden. Her blir du liten som person, men stor på mektige naturopplevelser.
Rusle rundt i sentrum av Høyanger med ein kopp kaffi i handa
Besøk museet, Høyangerbadet eller gå og sykle i Høyanger
Kulturell vandring eller fjelltur i Høyanger
Høyanger kommune ligg ytterst i Sognefjorden med ca. 50 minutters køyring frå Balestrand.
I Høyanger kommune ligger dei små fjordbygdene som Lavik, Bjordal, Vadheim og Høyanger. Lavik ligger ytterst i Høyanger med fergesambandet Oppedal - Lavik. Sjå ferjeruter her. Frå Bergen med bil tek det ca. 1 time og 50 minutt til Oppedal fergekai og vidare til Lavik. Frå Lavik via Vadheim til industribygda Høyanger tar det ca. 50 minutt med bil.
Ekspressbåten frå Bergen innover Sognefjorden stoppar dagleg i Lavik og på Nordeide - sjekk rutetider her
Det er også bussforbindelse ved fjordbygdene - sjekk rutetider her
Historier frå Høyanger