Velkomne til Jostedalen
Oppdag Jostedalen og breisens rike:
- Velkomne til keisaren av is velkomne til Jostedal.
I ein verden der breane trekker seg tilbake i ein alarmerende hastigheit, står ein plass fremdeles tappert imot den truande klimakrisen - den fantastiske Jostedalsbreen, djupt inne i dalen bak Sognefjorden. Jostedalen, er dalføret som skjer seg inn mellom dei to nasjonalparkane Breheimen og Jostedalsbreen. Med den umiddelbare nærheita til den mektige isbreen er heile landskapet og faunaen i Jostedalen unik.
Nigardsbreen - Ein verden av blå is.
Eit av høgdepunkta her i isens eige kongerike er Nigardsbreen. Som også er den mest kjente brearmen av Jostedalsbreen og der det er lettast tilgang til å ta seg helt frem til isen.
Aktiv i Jostedalen
Jostedalen byr på guida breturar, rafting ned breelva Jostedøla, kajakk på Nigardsbrevatnet og guida kulturvandring. Etter ein dag fylt med magiske opplevingar sjekkar du inn på ein av overnattingsplassane og kan nyte kvelden og natta fullt ut.
Utforsk Jostedalen
Overnatting, Mat & Drikke
Overnatting med utsikt til Nigardsbreen
Aktivitet & Attraksjonar
Guida brevandring, rafting eller fjellturar?
Fjelltur i Jostedalen
Fjelltur i vakre Jostedalen med utsikt mot brear
Til og frå Jostedalen
Jostedalen ligger I Luster Kommune som er ein køyretur på ca.1 time frå Sogndal. Frå Sogndal køyre du riksveg 5 via Hafslo og til Gaupne, og svinger av ved brua som skilter mot Jostedalen og Nigardsbreen. Frå Gaupne er det 30 minutter køyring innover til Jostedalen og Breheimsenteret.
Brebussen
Om sommar frå ca. 19 juni til 19. august går det daglig brebuss frå Sogndal som køyrer innom Solvorn, Hafslo, Gaupne og stopp ved Breheimsentert og parkeringsplassen ved Nigardsbreen. Sjekk rutetider her
Sjekk rutetider her for bussen som går til og frå Jostedalen.
Brebåten
Frå parkeringsplassen ved Nigardsbreen går det om sommaren dagleg båt til og frå fronten av Nigardsbreen. Du kan ikkje kjøpe billett på førehand, men møt opp på brygga og vent på båten. Båten køyre i shuttle trafikk heile dagen frå slutten av mai til 1. oktober. For meir informasjon sjekk her.
Næreste flyplass er Sogndal Lufthamn, Haukåsen som ligger på Kaupanger. Sjekk flytider her.
Ekspressbåt frå Bergen
Kvar dag heile året går ekspress båten frå Bergen innover Sognefjorden med endestopp i Sogndal, men frå april-oktober stopper den på Leikanger med buss videre innover til Sogndal og båten går videre til Flåm. Sjekk Norled sine rutetider her.
Bli inspriert i Jostedalen
Historier frå Jostedalen