Aktivitet & Attraksjonar i Jostedalen
Mellom Jostedalsbreen og Breheimen Nasjonalpark
Jostedalen, er dalføret som skjærer seg inn mellom dei to nasjonalparkane Breheimen og Jostedalsbreen. Med den umiddelbare nærheita til den mektige isbreen er hele landskapet og faunaen i Jostedalen unik.
Aktivitetar i Jostedalen
- Guida breturar med Jostedalen Breførarlag, IceTroll og Fjord Active
- Kajakk på Nigardsbrevatnet
- Rafting ned Jostedøla
- Juving i Leirdalen
- Guida kulturell vandring til Nigardsbreen
Ei reise utanom det vanlege
Ein tur til Jostedalen og omgivnader er ein ekstraordinær oppleving utanom det vanlege for dei fleste. Det er ein plass der vaksne menn er kjent for å felle tårer når dei opplever synet av brearmane for første gang.
Vintereventyrland
Om vinteren forvandlar Jostedalen seg til eit av Norges største snøhol, eit paradis for toppturar og pudderentusiastane. I Jostedalen finn du alltid urørt snø. Flotte langrennsløyper, trugetur og magiske isgrotter venter på deg som vil bort frå meir besøkte områder.