Velkomne til Kaupanger
Kaupanger - den grøne fjord-oasen.
Gøymd i den majestetiske Sognefjorden ligg Kaupanger, ei skjult perle som venta på å bli oppdaga. Området rundt Kaupanger hamna ufortent ofte lenger bak når bygder rundt Sognefjorden blir nemnt. Men sannheita om området er ein heilt anna.
Kaupanger er store djupe skogar, ein rik historie med blant anna Kaupanger Stavkyrkje og eit knutepunkt for ferjeturar om sommaren på Nærøyfjorden.
Kaupanger var lenge både før og etter vikingtida det viktigaste handelsplassen mellom Bergen og Trondheim. Grunnen er enkel det naturgitte forholda. Dei djupe skogane skal ha æra for nokon av dei første vikingskipa som segla til Island. Desse skogane er i dag store favorittar for flotte fjellturar.
Opplev Kaupanger
Overnatting, Mat & Drikke
Et meir ute i nydeleg turterreng på Kaupanger
Aktivitet & Attraksjonar
Kulturelle skattar med unik historie
Fjelltur på Kaupanger
Kulturell vandring eller fjellturar
Til og frå Kaupanger
Sogndal lufthavn Haukåsen på Kaupanger, og er effektivt for dei som har det travelt og vil komme fort fram til denne idylliske destinasjonen.
Ferje til og frå Gudvangen gjennom sommaren. Bussruter til og frå Kaupanger. Men best er det nok å reisa med eigen bil. Eit tips er å leige sykkel når ein først kjem inn i området! Har du ikkje eigen bil kan du leiga hjå Hertz eller Sogndal Bilutleige som også har bilar på flyplassen.
Kaupanger er lokalisert ca. 10-15 minutt køyring frå Sogndal og med kort avstand til ferjekaien Mannheller som tek deg over til Fodnes og vidare til Årdal, Lærdal, Aurland, flåm og Bergen.
Bli inspirert i Kaupanger
Historier frå Kaupanger