Aktivitet & Attraksjonar i Lærdal
Ein perfekt blanding av fortid og nåtid
Ei reise gjennom Lærdal vil by på mange store opplevingar for store og små, her kan du oppleve Borgund Stavkyrkje, Kongevegen, eit aktivt og frodig kulturlandskap i ein unik blanding.
Borgund Stavkyrkje; eit glimt inn i fortida
Fordjup deg i historia mens du utforskar denne ikoniske stavkyrkja, eit enestående eksempel på norsk middelalderarkitektur. Borgund Stavkyrkje reknast som den best bevarte av dei norske stavkyrkjene
Kongevegen: ei reise gjennom tid
Ei vandring på unike Kongevegen som går fra Valdres over Filefjell og ned Lærdalsdalen er vandring gjennom Norsk historie og vakker natur. Høgdepunkter er Galdane og Vindhella.
«Gamleøyri» tilbake til gamal tid
Å vandre gjennom gamle Lærdalsøyri er som å gå fleire hundre år tilbake i tid. Her står dei same autentiske husa i dag som den gang, kvar sitt hus med sin eigen unike historie.