Fjelltur i Lavik
Fjella er ikkje så høge og massive som lengre innover i Sognefjorden, men horisonten er mykje breidare. Det betyr at du ikkje trenger å gå så langt og høgt for å få ein mektig utsikt. Samspillet mellom kysten, storhavet og fjell er faktorane her.
Turfjellet Laviksåta
Frå det populære turfjellet Laviksåta, har du flott oversikt over den ytre halvdelen av Sognefjorden i den eine retningen og den andre vegen over Sognesjøen, kystlinjen mot Bergen og oppover mot Sunnfjord med alle øyene og ut i storhavet der Nordsjøen møter Atlanterhavet.
På ut.no finner du fleire fjellturar i Lavik området.