Aktivitet og Attraksjonar på Leikanger
Leikanger har historie tilbake til Vikingtida der Kong Harald Hårfagre som er kjent for å foreine Noreg til eit rike, gjorde Leikanger til sin heimstad. På Leikanger kan du fordjupe deg i Vikinghistoria og der Baldersteinen frå Vikingtida står som ein bauta på gravhaugen til Fridtjov den Frøkne.
Frå historie til nåtid
Å bade i den mektige kalde Sognefjorden som ein ekte viking er deilig når ei dampande heit sauna ventar på deg. På Leikanger kan du booke sauna på Sognefjord Hotel, Leikanger Fjordhotel og Systrond Camping.
På Henjatunet Eggjagarden ynskjer Inga og Marit deg velkommen med ei omvisning på korleis tunet vart driven i tidlegare tider og korleis garden vert driven i dag. Her kan du helse på sauene og få noko godt å ete og drikka.