Fjordtur til Sognefjorden

 

Opplev Balestrands magi med Norleds ekspressbåt – Den enklaste vegen frå Bergen til uforgløymelege opplevelsar

 

Utnytt tida maksimalt. Samlinga di startar allerede på vågen i Bergen.

Møte og enkel servering om bord på ekspressbåten. Norled skreddersyr ditt arrangement og har fleire båtar som passar perfekt til kurs og konferanse om bord. Les meir om det her.

Hausten i Sogn byr på noko heilt spesielt – tusenvis av fargar som dansar i fjellsidene, klar luft, og ei verd av aktivitetar. No har det aldri vore enklare å ta turen frå Bergen til Balestrand. Hopp ombord på Norleds ekspressbåt frå Strandkaiterminalen, og gå av rett ved inngangsdøra til det historiske Kviknes Hotel.

Balestrand web

Kviknes Hotel

Kviknes Hotel er kjend for det renommerte kjøkkenet sitt og dei beste konferansefasilitetane i regionen. Her får du meir enn berre eit møte – du får ei oppleving. Balestrand og Kviknes Hotel er den perfekte staden for bedrifter som ønskjer noko litt ekstra. Med mektig natur, topp fasilitetar og inspirerande teambuilding-aktiviteter, er det ein stad der du kan styrkja kollegabanda, få ny energi og skapa uforgløymelege minne.

Perfekt for Kurs & Konferanse, Teambuilding og vennegjengar

Vil du ut på tur, er turvala nærast uendelege. Felles for dei fleste turane er den alltid nærverande utsikta over Sognefjorden. Det gjer noko med deg å komma deg ut, oppleva noko nytt saman med kollegaer og teamet. Frå sidersmaking og kulturvandringar til fantastiske fjellturar for alle nivå, aktivitetane er designa for å fremja samarbeid og kommunikasjon – alt medan de nyt den spektakulære naturen rundt dykk. Med Norleds ekspressbåt er reisa til Balestrand både enkel og behageleg.

Raudmelen web

Kom og opplev kvifor Balestrand er staden for bedrifter som vil ha det vesle ekstra – året rundt!

Les meir her om Kviknes Hotel sine kursaktivitetar

RIB Balestrand Fjord Adventure

Norled Ekspressbåt frå Bergen

Bu på Historiske Kviknes Hotel

Aktivitetar i Balestrand

Føl oss på Instagram