Camping ved Sognefjorden

Finn den beste plassen å campe ved Sognefjorden og friheita til å reise kvar som helst, eller berre bli verande på ein plass. Latter, smil og gode stundar og mange moglegheiter til å møte kule, nye venner.

Det er mange campingplassar i Sognefjordområdet som kan tilby plass til telt, campingvogn eller bubil, samt campinghytter av ulik standard og pris. Campingplassane ligg i idylliske strøk, nær fjell og fjord.

Les meir om Campingvettreglar her

Gode råd om overnatting

Vi ynskjer deg velkomen til campingferie kring Sognefjorden. Langstrakte fjordar, fjell, daler og vidder venter på deg som gjest. Tilgangen til den uberørte naturen er sjølve nerva til ferieoppleving ved Sognefjorden.

Allemannsretten i Norge gir alle lov til å ferdes, oppleve og bruke naturen i utmarka, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr.

Til deg som campar ynskjer vi å gi nokre råd på reisa. Dette for at du skal få mest mogleg glede av ditt opphald i Norge både i dag og for framtida. Saman kan vi ta vare på den unike naturen for våre framtidige generasjonar.

Campingvettreglar

1. Bruk campingplassar og tilrettelagte bubilplassar der du kan. Det er trygt. Å bruke campingplassar og å handle hjå lokale aktørar bidreg til ein meir berekraftig reising og til vidareføring av lokalsamfunn.

2. Ta omsyn ved fricamping. Langtidsopphold på rasteplassar er ikkje ynskjeleg, men det kan vera behov for å stoppe og sove ei enkelt natt. Hugs på at det må være minst 150 meter frå busetnad. Unngå privat eigendom og dyrka mark, og ikkje køyr i terreng. På grunn av trafikksikkerheita skal det ikkje parkerast på møteplassar langs smale vegar. Vis omsyn til omgivnadene. Plikten til å ferdes sporlaust og ikkje gjere skade på terrenget eller forstyrre dyrelivet gjelder alltid.

3. Unngå forsøpling. Ikkje legg igjen noko avfall i naturen eller på bakken. Kast avfall i søppelkasser. Bruk tømmestasjonar for tømming av toalett og spillvatn.

4. Respekter skilting. Dersom det er satt opp skilt med parkering eller overnatting forbod for camping, bubil eller campingvogn, så må dette respekterast.

5. Hold 4 meter avstand mellom einingar ved overnatting. Parker med 4 meter avstand til neste køyretøy eller eining når du overnattar pga. brannsikkerheit.

Dersom alle viser ein omsynsfull åtferd, kan vi alle nyte, oppleve og bruke naturen i Norge også i framtida.

For meir informasjon, sjå www.camping.no

Nyt naturen på ein omsynsfull måte og god ferie

Kjelde: camping.no

 

Føl oss på Instagram