Reis grønt Sognefjord

 

Reis grønt - vel ein berekraftig ferie

Bedriftene rundt Sognefjorden har eit ekstra fokus på å ta godt vare på både miljøet, omgivelsane, sin kultur og deg som kjem på besøk. Turisme har mange positive sider, men det byr også på utfordringar. Vil du reisa til ei fjordbygd som både legger til rette for at miljøtrykket ditt blir så minimalt som mogleg, og for at du skal få ein mest mogleg autentisk oppleving? Då anbefala me å besøke Sognefjord som har fokus på ein meir berekraftig utvikling. På denne måten bidreg du til å støtte opp om både lokalsamfunn og kulturarv. 

Sognefjorden

Eg er stor og mektig, størst i mitt slag i verda.
Du skal respektere meg, for du vil ikkje ha kreftene mine mot deg.
Eg blir sjuk av utsleppa dine. Eg vil at ryddar opp etter deg.
Tek vare på meg.
Gjer du det, tek eg godt vare på deg.

Eg gjev deg trygg ferdselsveg, men syt for at du har nok plass til å få fred og ro.
Eg skjermar deg for den verste vinden og regnet, og held deg med det du treng.

Mine folk har hatt rammene for eit godt liv sidan breen trekte seg oppatt i fjellet og dalane.
Dei har vore snare i snuen og litt galne heilt sidan vikingtida. Det er dei for det meste endå.
Og dei nyttar meg fullt ut.
Dei går på toppane mine, vinter og sommar. Dei pustar meg inn, kjenner smakane og føler meg på kroppen.
Dei padlar på meg, køyrer på meg og sit stille og ser på meg gjennom flammane av eit bål.
Dei tek vare på arva si. Dei spelar og syng, feirar og konkurrerer.
Dei skapar løysingane som verda treng i framtida.
Dei leve fjordlivet.

Mine folk er verdsmeistrar i å nyte. Lange sommardagar. Lange nedfartar. Utsikt. Fjordlys.
Mat og drikke. Samhald.
Nye og gamle vennskap. Innsikt. Skikkar og tradisjonar. Galskap. Og dei elskar å dele det.

Eg er fjordlivet - eg er Sognefjorden.

Kajakk med Bulder & Brak, Årdal

 

Miljømerker og sertifisering

I lista under finn du bedrifter som er sertifisert under Norsk Økoturisme, ISO 14001, Svanen, Green Key, Miljøfyrtårn eller Varde. 

Stiftelsen Miljøfyrtårn logo

 

Føl oss på Instagram