Sognefjorden heile året
Vår, sommar, haust og vinter langs Sognefjorden
Sommaren byr på klassiske fjordopplevingar. Om hausten er lufta klår og fjorden er kledd i vakre haustfargar – den beste tida på året for fotturar og sykling. Hausten skiftar til "Vinterfjorden" med magisk fjordlys, sledeturar, toppturar i alpint, trugeturar, skianlegg, langrenn, fjordkajakk, RIB-safari, fjordcruise, Flåmsbana og guida turar til dei magiske blåisgrottene under breen. Våren bryt inn med blomstrande og snødekte fjelltoppar – kanskje den beste tida på året å besøke Sognefjorden.
Alle har si favoritt tid, det er noko for ein kvar heile året. Anten det er skiturar i høgfjellet, i ein tusenfarga skog eller grøne lier og ein smaragdgrøn fjord.