Guida topptur til den beste snøen

 

 

Nortind
Breogfjell er ein av aktørane i Noreg som stiller strengast krav til sertifisering, erfaring og lokalkjennskap. På alpine skiturar og toppturar nyttar ein berre internasjonalt sertifiserte Tindevegledere (UIAGM/IFMGA) og Tindevegledere under utdanning/aspirantar som kan visa til solid erfaring over fleire år innan krevjande ski-, klatre- og breturar.

 

Tur etter evne!
Det er viktig for oss at du og vennene dine, familie eller kollegaer får gode opplevingar i fjellet. «Tur etter evne» er eit omgrep me har brukt i norsk friluftsliv i årevis, og er sentralt i turplanlegginga. Me tilpassar oss til ønska og ferdigheitene dine, og dessutan premissane til fjellet som vêr, snøforhold, skredfare og mykje meir.

Breogfjell guidar òg i område rundt skianlegg


Det opnar seg mange moglegheiter når du tek med toppturutstyret til skianlegg som Hodlekve Skisenter og Sogn Skisenter. I nærleiken av desse anlegga finst fleire fantastiske frikøyringsområde lett tilgjengeleg.

Nødvendig utstyr
Alpine turski (Randonèe) eller telemarkski med feller (snøbrettkøyrarar må ha truger om dei ikkje har splitboard)
Skistøvler
Staver
Skarejern (valfritt)
Sendar/Mottager (skredsøkjar), spade og søkestang
Isøks og stegjern (avhengig av tur)
30-40L sekk
Solbriller
Goggles / skibriller
Termos med varm drikke og matpakke
Bekledning for ein dag i vinterfjellet.
isolerande undertøy (fortrinnsvis ull)
isolerande mellomlag (ull eller fleece)
vind/vasstett ytterbekledning
lua
hanskar/vottar
isolasjonsjakke (dun, primaloft eller ull)
Vi tilrår å ha med skihjelm.
Heiskort (avhengig av turval)


Breogfjell tilbyr utlån av skredredningsutstyr som sender/mottager, søkestang og spade. Dei har òg isøksar og stegjern til dei turane som krev det.

Føl oss på Instagram