Vinter overnatting i Sogn
Kvar kan du sova og bu?
Hytter:
Tradisjonelle norske hytter som ligg langs fjordkanten eller høgt til fjells. Luksushytter med stort armslag og alt inkludert, eller spartanske DNT-hytter. Felles for dei alle er at du tek med deg dei unike opplevingane utandørs inn over dørstokken.
Hotell:
Hotell gjev eit komfortabelt og praktisk alternativ. Hotella er utstyrte med standard fasilitetar, og tilbyr eit praktisk og rimeleg opphald i hjartet av Sognefjordregionen. Perfekt for dei som føretrekk enkelheit utan å gå på kompromiss med dei fantastiske omgivnadene. Du finn både høgfjellshotell og hotell heilt i fjordkanten som er heilårsopne.
Anten du vel ei fjordhytte, ei fjellhytte, eller eit hotellopphald vert overnattinga di ein flott base der du kan lade batteria mellom opplevingane. Med eit mylder av aktivitetar og opplevingar rett utanfor døra, lovar me eit opphald utanom det vanlege.