Utforsk vinteren kring Sognefjorden
På vinterbesøk utan erfaring på ski?
I Sogn og kring Sognefjorden finn du eit stort utval av aktivitetar gjennom vinteren utan å stå på ski.
Sognefjorden tilbyr ei mengd fengslande vinteropplevingar som syner fram det fortryllande landskapet, samt den unike naturen.
Ynskjer du å oppleve Sognefjord på ski? Les meir her
Her får du nokre tips:
Vintercruise
Ein av dei mest ikoniske vinteraktivitetane i regionen er eit fjordcruise på den UNESCO-lista Nærøyfjorden.
Fjordlandskapet er om mogleg endå meir unikt på vinterstid enn på sommaren. Bratte kneisande fjellsider i svart og kvitt, frosne fossar snødekte fjellsider og eit mykje barskare landskap. Fjord Cruise turane går heile året, om isen vert for tjukk inne i Nærøyfjorden så vert det alternative ruter. Alt er så mykje meir roleg på fjorden ein vinterdag. Følelsen av å vera endå meir nært naturen er endå større på vinteren.
Flåmsbana
Flåmsbana er kåra til verdas vakraste togreise fleire gonger. Og er om muleg endå meir dramatisk på vinteren enn om sommaren. Togturen kan gjerast heile året, og ein kan fint kombinere med Bergensbana eller eit besøk på det veglause høgfjellshotellet Vatnahalsen.
Rib-turar på Sognefjorden
RIB-turar vert meir og meir populært heile året. Det er ei unik oppleving å gli lavt over vassflata ein flott vinterdag. Ein kan også få auge på både fjordsel, ørn og niser. Frisk fjordluft over fjorden er noko du bør unne deg. Det finst fleire alternativ i kring Sognefjorden.
Blåisgrotte
Dei vintrane forholda ligg til rette kan du bli med ei eineståande oppleving i Jostedalen. Ei reise under isen kan ikkje beskrivas, men må opplevast. Ta kontakt med Jostedal Hotell om blåisgrotta er tilgjengeleg. Det krevjast eigen guide på desse turane, og ein må rekne med å gå nokre kilometer på ski eller truger over Nigardsbrevatnet. Dette er ei oppleving du aldri vil gløyme.
Vinterpadling
Det er ei unik oppleving å padle på Sognefjorden ein kald vinterdag. Bli med profesjonelle guider på ein padletur du ikkje viste eksisterte. Med tørrdrakter kler ein kulda ute, og stilla på fjorden finn ein ikkje andre stader.
Sauna - Badstover
Sognefjorden vert også kalla Saunafjorden på grunn av alle badstovene ein finn rundt ikring. Kombinasjonen av isbading i ein vinterkledd fjord og ei glovarm badstove er eineståande. For å leggje til eit snev av avslapping til vintereventyret ditt, kan du nyte den veksande trenden med badstover spreidd over heile regionen.
Vinter aktivitetar
Vinter Fjordcruise
Omfavn den skarpe vinterluften
Flåmsbana
Ein togtur gjennom det snødekte landskapet
RIB-rafting på Sognefjorden
Møt verdas lengste fjord i ein RIB-båt. Nærare fjorden og naturen rundt kjem du…
Saunafjord
Utforsk Sognefjordens termiske oase
Trugeturar
Om du ikkje er ein kløppar på ski er ein trugetur absolutt å anbefale. Du finn fleire lågterskel turar rundt om i Sognefjorden. Mange med magisk fjordutsikt. På guida turar kan du nyte naturen på ein heilt unik måte. Opplev den flottaste utsikta frå snødekte skogar, lier og fjell med eller utan guide. Knaset av snø under trugene dine og den klåre fjellufta – gjev deg ei uforgløymeleg vintertoppleving.
Guida trugetur
Guida turgeturar ved Sognefjorden
Kanefart
Ingenting er vel meir nasjonalromantisk enn ein tur i djup snø i ei slede bak ein hest. På Hafslo med Kvam Guiding & Service kan du oppleve denne klassiske vinteropplevinga.
Vinterfiske i Sognefjorden
Dess kaldare fjord dess større fisk. Bli med DripFiske og Balestrand Fjord Angling på guida fisketur for å maksimera sjansen for storfangst, eller utfordra heile familien med isfiske på eit frose vatn med Kvam Guiding & Service eller Explore Sogndal.
Fisk elsker det kalde vatnet, og gjer vinterfiske til ein draumesesong for isfiske eller fjordfiske. Det er på vinteren du får sjå dei aller største fiskane.
Isfiske er veldig populært då vatna fryser om vinteren og du kan komme deg langt utpå for å fiske. Hugs å sjekke isen først og ta med deg ispigger og varmt, tørt tøy. Er du usikker så bli med Kvam Guiding & Service eller Explore Sogndal på guida isfiske.
Sikkerheit på vatnet
Tenk alltid sikkerheit først. Vær utkvilt og edru. Følg sjøvettreglane til kvar tid og les deg opp på dei jevnleg. Respekter sjøen, og bruk alltid redningsvest. Hugs at alle som er fødd etter 1979 må ha båtførarbevis for å køyre båtar til ein viss størrelse.
Utsiktspunkt
Fjellovergangen over Vikafjell byr på flotte utsiktspunkt over Vik og Sognefjorden frå bilvinduet. Dei nasjonale turistvegane over høgfjella er stengt om vinteren, men i Aurland er det ope opp til det verdskjende utsiktspunktet på Stegastein heile året. Utsiktsbrua som går mest ut i lause lukta gjev eit unikt bilete av fjordlandskapet i vinterdrakt. Panoramautsikta er like slåande ein skarp vinterdag som ein lun sumarkveld.
Utforske kulturskattane langs Sognefjorden
Museer og gallerier spelar ein sentral rolle i å ta vare på og vise fram Sognefjordens historie, kunst og tradisjonar. Besøk Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand der du kan utforske og formidle den fascinerende historia frå villmark til verdsarv. Museet er ope om vinteren. Norsk Bremuseum i Fjærland er også ope på forespørsel frå november til mars der du kan sjå den spektakulære filmen om Jostedalsbreen. Sjå alle musea under.
Sognefjordregionen syner fram mangfaldet sitt i vinterdrakt langt utover skibakkar, og inviterer besøkjande til å utforska underverka gjennom fjordcruise, togturar, RIB-safari, trugeturar, hundekøyring, badstover og vinterpadling. Kvar aktivitet lovar unike møter og gjev minner som vil vara livet ut.
Innandørs vinteraktivitet
Museer og gallerier spela ein sentral rolle i å bevara og vise fram regionens historie, kunst og tradisjonar.